Back to All Events

Soup! + Scotland, Ireland, Palestine: The gaels and genocide past and present

  • Bergen Kjøtt 1 Skutevikstorget Bergen, Vestland, 5032 Norway (map)

Soup! + Scotland, Ireland, Palestine: The gaels and genocide past and present

Arrangør: Aktivistkjøkenet
Dato: Tirsdag 10. februar
Tid:
16:00 Matlaging + opent rom til organisering! Kom og heng, hjelp til eller hold møte/driv med anna venstresida organisering
18:30 Servering av suppa!
19:15 Opprydding, te og kjeks
19:30 Opent rom til arrangement/After-Soup! programmet
Billetter: Alt mat er donasjonsbasert
Rom: Fabrikkhallen (2. etasje)
Aldersgrense: Fri alder!

Mer info:
Kom til Bergen Kjøtt kl.18.30 kvar veke for ein deileg suppemiddag! Alt mat er donasjonsbasert og vegansk, ofte glutenfri (Ved eventuelle andre allergiar, send oss ei melding!)

Kven: Alle som ynskjer å vera ein del av eit fellesskap som er oppteken av kampen mot kapitalisme, fascisme og sionisme, er velkomne. Det speler inga role om du er ein erfaren aktivist, eller har berre lyst å bli betre kjend med aktivistmiljøet i byen!

Denne gongen etter suppa: Det er 2026 og me står i midten av den gælisk gjenvekkinga! På tysdag etter fellesmiddagen går me gjennom gælarane sine århundre kamp mot imperialismen og kapitalismen, og korleis den fortsetter i dag. Me skal høyra korleis kampen mot imperialismen er ein kamp som påverka oss alle, og tilknyttinga mellom Irland og Skottland, og frontlinja til den kampen i dag: Palestina.

Om Aktivistkjøkenet: Me er eit felleskjøken og gjensidig hjelpeprosjekt av og for aktivistar i Bergen. Bolle for bolle jobbar me for å byggja ein sterk, radikal og samlet venstresida i byen - på tvers av grupper og rørsler. Alle inntekter går til å halda Soup! i gang og til å møta behova i fellesskapet. Er du/din organisasjon keen på å bli med eller samarbeida? Det er berre å ta plass ved bordet! Eller send oss ein e-post på aktivistkjokenet@gmail.com!

Earlier Event: February 9
Sundtopi
Later Event: February 12
Kjetil Mulelid Trio